Fotokjelde Marcus UiB
Ei ny årstid festar grepet stadig lengre opp i fjellsidene i Teigane. Nede i dentrange botnen fløymer elva i vårkåte kast. Ein blankpussa dag er på hell. I hesteskyssen som snor seg nedetter den smale kjerrevegen sit to menn, utanom kusken. Fylkesmann Friis Pedersen er full av lovord over den vakre naturen. Ordførar Nils Mugaas nikkar og smiler, peikar og forklarer. Bymannen har aldri vore i Teigdalen før. Då dei nærmar seg Fadnes ser dei ho. Ei gigantisk, gråsvart sky har tårna seg opp over fjella, og driv vestover.
Du kan kjøpa denne utgåva på Evanger Landhandleri, ARK amfi, Voss Bokhandel og Dalekvam Coop.
Me sender i tillegg boka "Ord og uttrykk frå Vassvøri" av Knut Hjørnevik, til alle medlemmer.
Alternativt send epost til oss so sender me for kr 250 + porto.
Vassvøri sogelag hadde årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger måndag 21.mars 2022.
Vedtektsendring. Styret i Vassvøri sogelag la fram forslag til endring i vedtektene, § 7. Paragrafen har fylgjande ordlyd: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Det skal gjerast kjent i lokalpressa og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde».
Forslag til endring: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent på Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til sogelaget og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde». Det kom forslag om å føya til at oppslag skal vera på Brekkhus, i Evanger sentrum og på Bolstad. Med denne tilføyinga vart endringa godkjent.
Kåseri: Knut K. Finne hadde sagt seg villig til å halda eit kåseri om emnet «Voss i tida etter Svartedauden». Han kunne dessverre ikkje møta grunna sjukdom, så kåseriet gjekk difor ut.
Årsmøte i Hordaland sogelag og kulturhistoriske dagar på Stord 16.-17.oktober 2021.
Guri og Øivind Teigen møtte som utsendingar frå Vassvøri sogelag. Øivind refererte frå denne samlinga, der dei mellom anna fekk omvising i dei nedlagde svovelkis-gruvene på Litlabø. I tillegg til årsmøtesaker og festmiddag vitja dei og Høgskulen på Vestlandet (Tidlegare Stord Lærarskule). Det var ei interessant og minnerik samling for utsendingane.
Alle årsmeldingar ligg her
Vassvøri sogelag held årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger torsdag 15.april 2021
kl.18. Grunna koronasituasjonen er det påmelding til årsmøtet inntil 10 personar kan vera tilstades.
Det vart gjennomført med gjennomgang av vanlege saker, men utan servering og kulturhistorisk innslag. Alle årsmeldingar ligg her
_______________
Vassvøri sogelag heldt årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger onsdag 4. mars 2020.
Karl Ystanes, forfattar av boka «Bolstadelva», fortalde om arbeidet med boka, som kom ut i november 2019. På ein engasjerande måte fortalde han om korleis boka vart til, og nemnde fleire gode episodar som er kome med i boka. Han hadde berre godord å seia om alle som har vore intervjua. Det er vore gjestfrie og velvillige folk å snakka med. Han fortalde roaren Leidulv Bolstad, som i mange vintrar budde på eit gods i England, etter at han vart godt kjend med eigarane av godset, som fleire somrar fiska i Bolstadelva. Forfattaren og Knut Horvei var og besøkte eigaren av godset i samband med boka.
Som takk for kåseriet fekk Ystanes overrekt Bolstadboka av Grethe, i tillegg til spekepølse frå Evanger Pølsefabrikk.
Sakliste:
Endring av kontingent og pris på «Frå fjell til fjord»
Vanlege årsmøtesaker
----------------
«Evanger Landgangsbrygge Evanger Almending» vart ført opp i 1834 av Ole M Ammundsen Melstvedt frå Hardanger for 280 speciedaler. Vossovassdraget har hatt mykje å seia for transport av folk og varer mellom kysten og dei indre bygdene. Likeins har elva vore nytta til tømmerfløyting og vedtransport. I tida Evangervatnet var isfritt var dette hovudvegen mellom Evanger og Ståi. Vinterstid, når det var meinis, vart vegen lagt om Vindeggi.
Vassvøri sogelag vart skipa 5. september 1993. Laget femnar om grendene på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen.
Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern.
Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.