Årsmøter
Årsmøte for 2021
Vassvøri sogelag hadde årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger måndag 21.mars 2022.
Vedtektsendring. Styret i Vassvøri sogelag la fram forslag til endring i vedtektene, § 7. Paragrafen har fylgjande ordlyd: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Det skal gjerast kjent i lokalpressa og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde».
Forslag til endring: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent på Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til sogelaget og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde». Det kom forslag om å føya til at oppslag skal vera på Brekkhus, i Evanger sentrum og på Bolstad. Med denne tilføyinga vart endringa godkjent.
Kåseri: Knut K. Finne hadde sagt seg villig til å halda eit kåseri om emnet «Voss i tida etter Svartedauden». Han kunne dessverre ikkje møta grunna sjukdom, så kåseriet gjekk difor ut.
Årsmøte i Hordaland sogelag og kulturhistoriske dagar på Stord 16.-17.oktober 2021.
Guri og Øivind Teigen møtte som utsendingar frå Vassvøri sogelag. Øivind refererte frå denne samlinga, der dei mellom anna fekk omvising i dei nedlagde svovelkis-gruvene på Litlabø. I tillegg til årsmøtesaker og festmiddag vitja dei og Høgskulen på Vestlandet (Tidlegare Stord Lærarskule). Det var ei interessant og minnerik samling for utsendingane.
Alle årsmeldingar ligg her
---
Årsmøte for 2020
Vassvøri sogelag held årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger torsdag 15.april 2021
kl.18. Grunna koronasituasjonen er det påmelding til årsmøtet inntil 10 personar kan vera tilstades.
Det vart gjennomført med gjennomgang av vanlege saker, men utan servering og kulturhistorisk innslag. Alle årsmeldingar ligg her
_______________
Årsmøte for 2019
Vassvøri sogelag heldt årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger onsdag 4. mars 2020.
Karl Ystanes, forfattar av boka «Bolstadelva», fortalde om arbeidet med boka, som kom ut i november 2019. På ein engasjerande måte fortalde han om korleis boka vart til, og nemnde fleire gode episodar som er kome med i boka. Han hadde berre godord å seia om alle som har vore intervjua. Det er vore gjestfrie og velvillige folk å snakka med. Han fortalde roaren Leidulv Bolstad, som i mange vintrar budde på eit gods i England, etter at han vart godt kjend med eigarane av godset, som fleire somrar fiska i Bolstadelva. Forfattaren og Knut Horvei var og besøkte eigaren av godset i samband med boka.
Som takk for kåseriet fekk Ystanes overrekt Bolstadboka av Grethe, i tillegg til spekepølse frå Evanger Pølsefabrikk.
Sakliste:
Endring av kontingent og pris på «Frå fjell til fjord»
Vanlege årsmøtesaker
----------------
Andre hendingar i 2019
Kulturvandring på Tysso for medlemer i Vassvøri sogelag onsd 25/9.
Oppmøte ved skulen på Bolstad kl. 16.30.
Omvisning i verkstad ved sjøen og i skulestova.
Orientering om gardane på Tysso.
Vel møtt!
Mvh Grethe F.A.
Oppgåver | Tiltak | Tidsramme |
---|---|---|
Frå fjell til fjord | Samla og redigera stoff | Frist innlev. stoff 1. sept |
Rydding/maling Straumabrua og Fadnesbrua | Måla rekkverk, rydda kratt | Vår 2019 |
Nytt grindbygg med tavle ved Straumabrua | Infotavle | Vår/sommar 2019 |
Stadnamnreg | Reg. namn i grendene | Heile 2019 |
Stølsregistrering | Heile 2019 | |
Kulturhistorisk vandring | Sommar/haust 2019 | |
Ny trapp Knute Nelsonstova | Kommunal oppgåve | 2019-20 |
Tilsyn K.Nelsonstova | 2019 | |
Knute Nelson dag | Aug/sept. 2019 viss utbetring av trapp er ferdig | |
Evangerlaurdag | Juni 2019 | |
Postbryggja | Setjast i stand | Vår 2019 |
Gje ut 1995 og 1996 årgangane av Frå fjell til fjordi hefta | Til Evangerlaurdag 2019 | |
Biletinnsamling frå BEB | Laga utstilling i dei 3 grendene | 2019-20 |
Reparera tak på flåtemuseet | Vår/haust 2019 |