Brannen på Evanger 10. april 1923

Av Halvor Folgerø

Fotokjelde Marcus UiB

Marcus før brannen sentrum.png

Ei ny årstid festar grepet stadig lengre opp i fjellsidene i Teigane. Nede i dentrange botnen fløymer elva i vårkåte kast. Ein blankpussa dag er på hell. I hesteskyssen som snor seg nedetter den smale kjerrevegen sit to menn, utanom kusken. Fylkesmann Friis Pedersen er full av lovord over den vakre naturen. Ordførar Nils Mugaas nikkar og smiler, peikar og forklarer. Bymannen har aldri vore i Teigdalen før. Då dei nærmar seg Fadnes ser dei ho. Ei gigantisk, gråsvart sky har tårna seg opp over fjella, og driv vestover.

Dei to finkledde mennene stussar begge over synet. Her er det noko som ikkje stemmer. Ingen seier noko på ei god stund. Begge tenkjer sitt. Så kjenner dei lukta. Ordføraren merkar brått at han skjelv, og ser bort på fylkesmannen. Denne har fått eit alvorleg drag om munnen og stirer stivt framfor seg. Mugaas bed kusken jaga på det han kan. Då dei rundar Bekasteinen stansar hesten. Ordføraren stig ut or vogna, drivkvit i andletet, og blir ståande å sjå. Rykande ruinar, skeive skorsteinspiper, avsvidde tre, folk som spring fram og tilbake. Der husa stod i føremiddag, ligg berre haugar med glør, oske og ulmande kol. Han høyrer mannsrøyster som ropar og kommanderer, kvinner som gret. Den kvesande lyden av vatn mot eld. Som i ørske konstaterer han at kyrkja står, og at skulehuset står. Elles er det ikkje mykje att.

Marcus før brannen -kyrkje.png

«Den røde hane»

Om lag slik må det ha gått føre seg, då dei to karane kom nedover Teigdalen, seint om ettermiddagen den 10.april 1923. Etter det Bergens Tidende skriv, hadde fylkesmannen hatt sitt første møte med det ville dalføret denne dagen. Det var ikkje noko lysteleg syn som venta han og omvisaren. 30 bygningar, av dei 18 bustadhus hadde brunne ned til grunnen. Borte var posthuset, bedehuset, Forbruksforeningen, og kommunehuset, der banken hadde lokala sine. Og borte var Monsens hotell. Der var der storbrannen braut ut.

marcus_før brannen.png

«Den røde Hane har atter galet over Evanger og denne gang paa en langt skrekkeligere maade end for kort Tid siden, da gaarden Elje nedbrændte totalt.» Dette skriv Morgenavisen i Bergen, 11.april 1923. Storbrannen var altså den andre som ramma Evangerfolket denne vinteren. Mirakuløst nok gjekk ingen menneskeliv tapt. Så vidt ein kjenner til, var det heller ingen som blei skadde. Men flammane øydela verdiar for mellom ½ og ein million kroner. Skal ein rekna det om til dagens kroneverdi, kan ein kanskje 20-30 dobla det. Ein kan berre tenkja seg til kva for ei katastrofe det var for ei lita bygd. Ikkje alle var like godt forsikra. Bergens Tidende kjem med denne skildringa to dagar etter:

«Da vor medarbeider i gaaraftes ved 7 tiden kom til Evanger laa røken ennu og drev over brandtomten. Mellem ruinerne ulmet det i resterne av indbo og varer og 5-6 nakne skorsteiner stod skjeve og forvredne i den klare aften som talende vidner om den svære ulykke som har hjemsøkt det lille sted. I utkanten av brandtomten, ned mot vandet staar en ensom mørk gran igien, løsrevet fra al sammenhæng med de omgivelser den er vokset op i, og i den motsatte utkanten ligger en række paa 4-5 vaaningshus med indslaatte vindusruter og malingen svidd langs husvæggerne. Paa selve brandtomten staar to hvitmalte bygninger igjen. Den ene er bygdens kirke, ogsaa den er svidd i væggene og har knuste ruter. Den andre er skolehuset, som har lidt en lignende overlast.

Hele billedet er totalt forandret. Av den lille klynge hvitmalte bygninger er det svært litet igien. Og det vil visst gaa baade aar og dag før stedet igien er reist.»

Mellom 150 og 200 menneske sto brått utan tak over hovudet. Dei vart innlosjerte i skulehuset, ungdomshuset og på gardane rundt ikring. Ungdomshuset, som stod ferdig året før, gjorde teneste både som sovesal og felles matstove for alle dei huslause. Det var ungdomslaget som stod for dette arbeidet.

«Fomanden, hr. Knut Mæstad, især har ikke span sig», skriv Bergens Tidende, og gjev stor ros både til lag og formann for innsatsen. Hjelp i form av matvarer kom det både frå Voss og Vaksdal.

Malaren

«Eg dreiv på og rivla møk saman med far, onkelen min Nils og tenestejenta, ho Sunniva To. Etter ei stund kom han Knut Eddal gåande, og sette seg ned for å slå av ein prat. Brått såg me ein fæla røyk bortanfor Stampeneset. Onkelen min, Nils sprang bort for å sjå kva som var tess. Han vart borte ei lita stund, så såg me han kom og vinka opp til oss, før han vart borte att. Sidan såg me ikkje meir til han den dagen.»

Det er Lars Styve som fortel. Då dette hende var han 9 år gammal. Saman med nokre andre ungar sprang han bort og sette seg på Stegen, for å sjå. Monsens Hotell stod om lag der vegen går i dag, rett inn for steinbrygga. 5-6 meter bortanfor hotellet låg eit tilbygg, eit såkalla anneks, som på folkemunne vartkalla Raudebygningen. Her hadde ein del engelske sportsfiskarar sin faste tilhaldsstad. Det var i dette huset det brann. Stadig fleire folk kom til, og prøvde å sløkkja med vassbytter, med det var som å skvetta på gåsa. «Brått høyrdest ein høg smell, og flammane slo over til hovudbygningen. Dermed var det gjort», fortel Lars Styve.

Kva var det eigentleg som skjedde denne aprildagen? Kva var det som fekk «Den røde hane» til å gala? Om føremiddagen den 10. april står ein kar ved eine ytterveggen på Raudebygningen. Han myser mot sola, og trekkjer skuggeluva ned i panna. Malingspøsen får venta enno ei stund. Først må han ha vekk noko lausmaling.

Han har med seg ei loddelampe, som han fyrer opp. Det er saker som får fart på den gamle malinga. Smeltar som smør. Etter ei stund blir han var ein oppkledd herremann som står og ser på han. Mannen talar strengt til han på fint bymål: «Min gode Mand, Deres omgang med ilden forekommer mig at være en smule letsindig — hvad om den tørre trevæg skulde ta' fyr?» Malaren svarar at han har sett folk fjerna maling på denne måten andre stader, så då kan vel han gjera det same. Den finkledde ser på han ei stund, før han snur på hælen og går.

I følgje Morgenavisen var det fylkesmannen som snakka til malaren på denne måten. Friis Pedersen budde nemleg på Monsens Hotell, og mista bagasjen sin i brannen. Men avisa har tydelegvis ikkje teke seg bryet med å spørja fylkesmannen sjølv om samtalen verkeleg fann stad. Formuleringa «Det fortælles at.. ..» tyder på at journalisten har høyrt historia frå andre. Men avisene peikar i alle høve ut malaren med loddelampa som den skuldige. Også Lars Styve kan hugsa at det vart snakka om dette: «Malaren sette den brennande lampa frå seg, før han gjekk eit ærend i butikken. Då han kom ut att, såg han røyken som steig opp.»

I følgje Bergenes Tidende var mannen ein ung nordlending som dreiv ramme- og malarforretning på Voss.

«Han har tidligere været sjømand, og skal efter hvad det fortælles ikke være fagutdannet Maler.»

Sjølv om malaren blir peika ut som syndebukk, er BT den einaste avisa som trekkjer denne teorien i tvil. Lensmannen blir sitert på at det førebels ikkje er noko i etterforskinga som tyder på at malaren er den «absolutt skyldige.» Bergens Tidende har og intervjua malaren sjølv, som hevdar at han ikkje brukte lampa etter klokka 11. Rundt 12.45 gjekk han til middag, og kom tilbake ca 14.15. Så var han borte eit lite ærend, og då han kom att var brannen eit faktum.

Marcus før brannen naust.png

Kaos

Klokka er litt over 14.30 då kjøpmann Olav Rongen kjem ut på trappa. Han skal ein tur bort på lageret. Men— kva er det for ei lukt?.. ...Brått ser han røyken som veltar opp frå raudebygningen borte ved hotellet. No ser han flammar, høge flammar som sleikjer oppetter veggene. Han spring over til bakar Fenne og gaular inn tiennom døra: «Det brenn i Monsahotellet! Så går ferda vidare med ambulansefart. I bakarhuset har og Rikstelefonen Sitt tilhald. Dei får så vidt ringt brannvesenet på Voss, før dei må rømma huset.

«Eg og Ruth, venninna mi var borte i Øyne for å plukka kvitveis. Brått såg me røyken og flammane som velta opp. Me trudde dei raude logane var røyk, og tykte det var retteleg flott å sjå på.»

Borghild Hæve var 5 år gammal og heitte Akselberg då dette hende.

«Då me hadde stått slik ei stund, kom tanta til Ruth, Ingebjørg, springande nedetter vegen frå jordmorplasset. Me skjøna at noko alvorleg var i ferd med å henda. Ho fekta med armane og skreik: »De må komma deko heim att! Da brenn på Evonga!! » Me la på sprang over brua med gråten i halsen, for no var me redde. Borte i Gato møtte eg ho mamma, som sprang rundt og leita etter Birger, veslebroren min. Ho fann han i lag med han bestefar. Han sto som i sjokk og berre glante, medan han heldt Birger i handa. Folk sprang på kryss og tvers med møblar, kler og andre ting dei hadde berga ut. Ei kone gjekk bort til bestefar min og ropte: «Ka e da med deg Ola? Du må sjao te å gjera nokke!» Og dermed var det som han brått vakna ut or ein draum — og kasta seg inn i bergingsarbeidet han og. Me ungane vart skyssa opp på Haugen til ho Eli Mugaas, kona til ordføraren. Så fort ho mamma hadde fått plassert oss der, sprang ho ned att for å hjelpa til med arbeidet.»

Borgild Hæve hugsar ho var redd. Frykteleg redd. Då dei tok til å skyta vekk hus med dynamitt, vart ungane sende inn. Dette fekk dei ikkje sjå på. «Eg hugsar ho Eli lokka oss inn med kamferdrops», smiler Borghild.

«Me forstod nok ikkje riktig kva som skjedde. Det var både spennande og skræmande på same tid.» Det som skulle bergast, måtte langt bort frå flammane. «Folk sleit seg mest i hel. Store, tunge møblar blei dregne opp på Haugen, og plasserte langs med vegen, og opp i urda. Her var ein i alle fall sikre på at elden ikkje ville komma.»

Tida var knapp. Fleire av husa var isolerte med høvelspon, så når elden først fekk tak, gjekk han med spøkelsesaktig fart. Røyken sto som ein tjukk, svart strek nedetter heile dalføret. «Eit uhyggeleg syn», minnest Lars Styve.

Dette var elefanten sin kamp mot mauren. Eit par kvinner som var så sjuke at dei låg til sengs vart borne bort. Ei av dei var Bertha Rongen, kona til kjøpmannen. Brordottera hans, Gudrun J. Rongen, som var tenestejente i huset på denne tida, fortalde at eit glas vart slege ut i 2.høgda, og at senga med den sjuke vart heisa ut herifrå, og frakta bort i prestegarden.

Marcus før brannen-jernbane.png

«I eit hus me kalla Hylma-huset budde ein familie som heitte Yven», fortel Borghild Hæve. Mora i huset hadde nettopp fått ein liten, og var sengeliggande. «Eg hugsar dei kom berande med heile senga, med fru Yven oppi. Opp på Haugen bar det, og inn til ho Eli. Ein gong dei skaut, var smellen så kraftig at ei heil lysekrune, ei slik prismelampe, losna frå taket og deiste ned — midt oppi senga der den vetskremde fru Yven låg.»

Dynamitten vart eit viktig hjelpemiddel. Snart gjekk det opp for folk at vassberinga var til fånyttes. Det gjeld å kvela elden på alle tenkjelege måtar. Ein kar ved namn Håra, som er arbeidsformann på jernbanen eit stykke lenger vest, skaffar dynamitt, og organiserer sprenginga. Men kvar blir det av brannvesenet?

Ekstratog

Klokka nærmar seg 16.30 då ettermiddagstoget til Bergen køyrer inn på Evanger stasjon. Ut stormar brannsjefen, kaptein Ullestad, og rundt 20 brannmenn. Dei er utstyrte med «en haandpumpe, nogen slanger og presenninger» Brannen har vart i to timar, og det meste er alt nedbrent. Handpumpa kalla folk for «Kvikken», skreiv Nille i boka «Gamle Vangen»:

«Og i full fart bar det opp åt kyrkja for å redda ho, i det minste. Elvi går straks nedanfor. Forstå-seg-påarane kobla so slangar og anna i hop, og ti mann skulde so til å pumpa. Det var to horisontale trestrenger som skulde lyftast opp og ned skiftesvis, så skulde vatnet koma. Men nei. Vatnet kom ikkje. Folk sprang att og fram. Såg på «Kvikken» som om det skulde vera ein sta hest. Ikkje var det godt råd med noko klapping og godord heller, åt slik ein kar. Sume engla og banna litt. Men like lite vatn kom det. Ingen forsto kva som feila.

Endeleg var det ein som kom på det: Dei hadde gløymt å leggja inntaksslangen i elvi. Han låg berre i fjøresteinane.»

Uansett, brannfolka fir skryt for arbeidet sitt i ettertid. I tillegg til dynamitten, er det først og fremst dei som fir æra for at kyrkja og skulehuset vart berga. På kyrkja blir det hengt opp våte presenningar, for å verna veggen mot den voldsomme heten. I 18-19 tida er elden under kontroll. Berre 8 hus står att, utanom skulen og kyrkja.

Brannen på Evanger 1923 evanger org.jpeg

Kunne meir ha vore berga? Ja, seier brannsjefen på Voss til Bergens Tidende. Hadde brannfolka komme ein halvtime tidlegare, kunne mykje sett annleis ut. Men kunne dei verkeleg komme før? Dette blir eit diskusjonsemne i avisene. Dagen etter brannen slår Morgenavisen fast at ekstratog ikkje vart sett opp, trass i at linja var klar.

«Det er meget urimelig at det i et saadant Tilfælde ikke skal Staa en

Stationsmæster frit for at opsætte Extratog uden at vænte paa Instrux fra Distriktschefen, da hvert Minut er kostbart.»

NSB på si side forsvarer seg med at korkje stasjonsmeisteren eller distriktssjefen har høve til å setja opp ekstratog. Det må rekvisisjon til frå høgare makter, som t.d. frå ein brannsjef. Og då brannsjefen og hans menn troppa opp på stasjonen, var klokka nærmare 15.30. Dessutan var det feil at linja var klargjort. Dermed måtte eit eventuelt ekstratog ha køyrt med sakte fart, og ville ikkje ha vore framme på Evanger mange minuttane før det ordinære ettermiddagstoget. Distriktssjef Esmark skriv om dette i eit lesarbrev i Hordaland. Han mr støtte av Bergens Tidende: «At bebreide jernbanen i noget i denne anledning er at rette smed for baker.» Også Bergens Aftenblad følgjer opp: «Det Vilde være at give sig usikkerheden i vold hvis det skulde overlades til Stationsmæsterne paa egen haand at opsette Extratog.»

Men brannsjefen godtar ikkje jernbanen sine forklaringar. Han skriv i Hordaland at han første gongen ringte stasjonen klokka 3, og sa frå om at det brann på Evanger, og at han måtte ha ekstratog. 10 minutt seinare vart han oppringd av stasjonsmeisteren, som ville vita kor lang tid det tok før brannmannskapet var klar til å gå om bord. 10 minuttar, svara Ullestad:

«Da jeg kl. 3.23 møtte frem på Voss station med hjælpemandskabet gik jeg derfor ud fra at Extratoget havde været opstillet. Av en Jernbanefunktionær jeg møtte på Voss station ved mit fremmøte der, blev det sagt mig at linjen til Ævanger på det tidspunkt var klar.»

Men Ullestad med mannskap måtte altså stå ein halv time og venta på Voss stasjon før dei kom seg vidare. Det må ha vore ein lang halvtime. Kven som har skulda, er ikkje så godt å seia i ettertid. Men at fleire av Evangerhusa vart offer for byråkratisk sommel, verkar ikkje usannsynleg.

Brannen på Evanger 2.jpeg

Lukta

«Då det ikkje var meir som kunne bergast, kom kvinnfolka opp på Haugen. Dei var aldeles utmatta, klærne var sundrivne og svarte av sot.» Borghild Hæve blir fjern i blikket ettersom minna blir framkalla. «Dei fleste gret og bar seg. Mange hadde mista alt. Eg hugsar ho mamma — ho sette seg ned på nokre tømmerstokkar, og var så utfaren at ho kasta opp. Det var slikt som gjorde inntrykk på ein femåring.»

Familien til Borghild, Akselberg, var mellom dei heldige som ikkje vart huslause. Brannkvelden og dei næraste dagane budde det 23 menneske i huset deira. Store småbarnsfamiliar laut greida seg med små soverom, og kjøkkenet gjekk på omgang. Borghild hugsar ikkje anna enn at det gjekk greit.

Då det brann kom mange til Evanger for å hjelpa til med sløkking og berging. Ikkje alle hadde like ærlege motiv, synte det seg. «Onkelen min, han Nils, hadde vore på Vangen og kjøpt seg dress den dagen det brann. Den la han frå seg under ein stein i ura bakom Haugen. Då dagen var omme, var dressen borte», fortel Borghild. Fleire andre leid samme skjebne. Brannen var naturleg nok eit hardt slag for heile bygda. Men Borghild kan ikkje hugsa at folk gjekk rundt og var deprimerte. «Dei fleste bretta opp ermene og sette i gang med oppryddinga.» I branntomtene låg glørne og ulma i vekesvis. «Enno kan eg tydeleg kjenna den stramme, vonde brannlukta.» Borghild Hæve let att augo, og snusar ut i lufta. Lars Styve fortel at då borna gjekk i 17.maitog, over ein månad seinare, rauk det enno frå ruinane.

«De mange Brande»

Det varte ikkje lenge før det vesle samfunnet tok til å fungera att. Bestefaren til Borghild, som var skomakar, sette seg opp ei brakke på bedehustomta. Handelsmann Rongen installerte seg i ei jarnbanevogn på eit sidespor på stasjonen. Forbruksforeninga opna midlertidig utsal i eit vedhus dei hadde ståande nedom jarnbanestasjonen. Byggeaktiviteten var stor, og Evanger vart eit Mekka for arbeidslause handtverkarar. Men mange av dei huslause var altfor dårleg forsikra, og leid store tap. Til saman gjekk det med verdiar for 7-800 000 kroner. Norges Brandkasse, som dei fleste var trygda i, måtte ut med rundt 200 000 kroner.

På Evanger eksisterte altså ingen sløkkjereidskapar på den tida. Dette problemet tek Morgenavisen opp. Direktør Pedersen i Brandkassen seier til avisa at «det dessværre ikke er nogen Tvivl om at mange Steder udover de Byer som har Vandværk og et fast Brandkorps, er det daarlig bevendt med Brandforberedtheden.» Berre få dagar før «den røde hane» gol over Evanger, var det ein tilsvarande brann på Hemnesberget i Nordland. Også andre småstader hadde elden fare ille med. Morgenavisen meiner Brandkassen sjølv burde giera noko med problemet, stilla krav til meir effektive sløkkjereidskapar. Avisa kallar det «Lætsindighet overfor de forsikredes Pænge,....., da jo Brandkassen er en gjensidig Indrætning, hvor de Forsikrede er sine egne Assurandører.»

«Saavel Brandkassen som de private Assurandører bør nu uden Ophold søge at forebygge, at man i de her omhandlede Strøg skal være nødsaget til, naar det brender, ene og alene at kunne Staa som passive Tilskuere med Hænderne knyttede i Lommerne.»

Dei store brannane denne våren førte også til at Stortinget vedtok endringar i bygnings- og brannlovene. Mange viste medkjensle i den vanskelige tida. Dagen etter brannen mottok Fylkesmann Friis Pedersen følgjande telegram frå Kong Haakon:

«Jeg udtaler Dronningens og min Deltagelse i Anledning af Brandulykken i Evanger og beder Fylkesmanden underrette mig om Forholdene blant de Brandlidte.» Kongen gav 2000 kroner til gjenreisingsarbeidet. Og han var ikkje den einaste som var raus. På Voss var det lagt ut støttelister der folk kunne skriva seg på. Etter ei snau veke var det kome inn over 1000 kroner. Bergen Formannskap stilte med 5000 kroner, det same gjorde heradstyret på Evanger. Fana Heradstyre gav 2000 kroner. Det mest oppsiktsvekkjande bidraget kom likevel frå Oslo. Songarane Bøhler og Erpecum gav heile 2000 kroner. Dermed toppa dei lista over private gjevarar, saman med kongen.

Media

«Da Telefonstationen paa Evanger er nedbrændt, var det igaaraftes umulig at faa nogen nærmere Enkeltheder om Branden. Vi havde en Telefonsamtale med Bolstadøren, men der vidste man, som rimeligt kan være, lidet eller intet om den store Katastrofe.»

Dette skreiv Morgenavisen dagen etter brannen. Det seier litt om korleis informasjonssamfunnet har utvikla seg dei siste 75 åra. I dag hadde heile landet kunna følgt storbrannen frå time til time heime på skjermen. Nervøse Tv-reporterar med proppar inn og ut av øyrene, hadde med sensasjonsskjelvne røyster og flakkande blikk gjort sitt beste for å formidla dramaet heim i stovene våre.

Tenk deg overskriftene i dagens tabloidaviser!

Under krigstypane hadde du nokså sikkert funne nærbilete av desperate menneske som kjempa for å berga sitt. Eller av utslitne, fortvila og gråtande folk, som innsåg at slaget var tapt. Dagens tabloid- journalistikk dreier seg mykje om å formidla kjensler. Og for å fi oss til å føla noko, blir det fokusert på enkeltpersonar, folk me kan identifisera oss med. Avisartiklane frå 1923, derimot, er kjemisk reinsa for menneskeskjebnar. Dei er faktaprega til det kjedsommelige. Det står mest ikkje eit ord om korleis folk opplevde brannen. Og berre unntaksvis finn du skildringar som skaper bilete på netthinna, klump i halsen eller lukt i nasen. Augevitneskildringar er ikkje å oppdriva. Språkbruken er nøytral og nokså stivbeint. Men ikkje alle var like nøygne med presisjonen. Ein journalist i Bergens Tidende hadde fått med seg at kona til handelsmannen, Bertha Rongen, som var alvorleg sjuk, vart frakta over til prestegarden. Journalisten omtalar frua som «døende.» Rett nok døydde ho i prestegarden, men ikkje før 19. mai — over ein månad seinare.....

Det kan seiast mykje stygt om tabloidjournalistikken av i dag, men den slags dristige førehandsdiagnosar finn du ikkje mange av.

Marcus 17.mai 1915-1920.jpg