Jolenøtt

Me har fått følgande svar på denne jolenøtt:

OBS. ANO 1798 DEN 28 JUNIUS. GUD ALENE ÆREN

(JUNIUS er då Juni månad, sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Junius)

Takk til Knut K. Finne for bidraget!

Me imøteser fleire bidrag om andre har noko å meddela.

-----------------------

Kan nokon hjelpa oss med å tyda det som står her?

I grunnmuren på bruk 2 på Brunborg er det rita inn både bokstavar og tal. Fleire har vore innom dette opp gjennom åra, men noko tyding veit me ikkje om. Me tek dette no med her i sogeskriftet for 2021, og så oppmodar me lesarar, om å hjelpa til, antan sjølve eller ved hjelp av folk dei kjenner.

Så vonar me at me kan fylgja saka utover, og at dei som finn løysingar eller kan hjelpa til elles, får dette med på heimesida til Vassvøri sogelag.

Her er nedteikningar som er gjort av Anders Brunborg, Knut Mestad og Arne Skjerven. Me meiner det står dette:

                      OBS . S-NOM9.8 DEN 28 VNIVS.GVD.ALÆNEÆREN

Prikk etter OBS skal vera oppe og prikk mellom GDV og AL skal vera midt på lina.

Det er kan henda rimeleg å tru at OBS kan vera Odd Bergesson Brunborg, då fleire heitte det.

Stein i mur Brunborg justert