Vassvøri sogelag - Lagssoga

Vassvøri sogelag vart skipa 5. september 1993 og markerte 20-årsjubileum i 2013. Lagssoga vart då presentert og uttdrag kan du lesa her:

20 år er kort tid i historisk samanheng. Men på desse 20 åra er det utruleg kva dette laget har utført. Opptakten til laget kan nok ha samanheng med utgjeving av Bolstadboka i 1991. Eg siterer frå 10-årssoga til Ingebjørg Helland:

”Etter at arbeidet med”Bolstadboka– frå fjell til fjord” – vart avslutta i 1991, var det fleire av deltakarane i den tidlegare studieringen som ymta om at ein burde halde fram med ymse lokalhistorisk arbeid. Ein kjende seg på ingen måte heilt ferdig med emne som hadde vore teke opp i arbeidet med boka. Nye tankar og idear for arbeidsområde dukka og opp medan boka vart til. Ein burde kanskje starta eit sogelag? Som tenkt, så gjort? Nei, heilt så lett gjekk det ikkje til. Men etter ei tid tok planane form. Då ville ein gjerne ha med meir av bygda enn berre Bolstadgrendene. Kontakt kom i stand med folk frå Evanger, likeeins frå Teigdalen. Eit samrådingsmøte vart halde 22.juni 1993. Det vart valt eit interimstyre på 3 personar som skulle førebu skiping av sogelag. Atle O. Bolstad, Øivind Teigen og Ingebjørg Helland vart valde.” Sitat slutt.

Dette vart starten.

Skipingsmøte vart halde 5.september 1993 i Rongen skule. Det møtte 10 personar. Namnet på laget måtte vera dekkande for den delen av gamle Evanger som var att etter at Vaksdal hadde fare med eit par av dalane i bygda. Vassvøri Sogelag skulle laget heita.

Kva skal eit sogelag driva med? Kva er føremålet? Mange vil nok påstå at det seier seg sjølv. Men so enkelt er det ikkje, for å sitera Ingebjørg att. Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern. Laget skal samla inn, ta vare på og formidla det som kan fortelja om levekåra i grendene gjennom tidene. Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger, i Teigdalen, Bergsdalen og Eksingedalen, i aktiv medverknad, skal fatta interesse for. Dette samarbeidet mellom grendene skal ikkje svekka den lokale eigenarten.

Så kan ein spørja seg: Kva er so den lokale eigenarten for Vassvøre? Kva omdøme har Vassvøre? Jau, det kan det sikkert seiast mykje om. Men i Evanger Forbruksforening si 50-årssoge i 1922 les me: ” Det er eit sedsamt og strevsamt folk som no bur i Evanger. Sømeleg framferd er sett høgt av alle. Drykk og annan ulivnad er no mest ikkje aa nemna. Folket er ogso vellært og upplyst, stend i so maate på høgd med folket i andre bygder på Vestlandet – og kann henda vel det. Dei fleste hev ogso god arbeidstame og kann gjera handfritt og godt arbeid av ymse slag”. Hugs at på den tid var Evanger eigen kommune, og hadde vore det sidan 1885. Ein kan spørja seg korleis denne vesle kommunen klarde seg økonomisk på den tida. Svaret finn me nok i den før nemnde 50-årssoga:””Naarfolk hev greidt seg so vidt bra i dei trange tilhøve, so kjem det av at dei arbeidar trottugt og veit aa bruka sparsemd i alle umkverve.”

Med dette som utgangspunkt har me i alle fall ingenting å skjemmast over, og sogelagsarbeid skulle vera ei glede og utfordrande å ta fatt på. At folk har hatt gleda og motivasjon av å arbeida med lokalsoge, er ikkje tvil om, når ein ser kva arbeid som er lagt ned desse 20 åra.

Men så tilbake til starten i 1993.

Det vart valt eit styre som skulle stå fram til første årsmøte i laget. Desse vart valde:

Atle O. Bolstad leiar, Øivind Teigen, Ole Chr Agerlie, Ivar Veka og Ingebjørg Helland. Vara: Inge Århus og Knut Hjørnevik. Ved første årsmøte, i 1994, vart vald det same styret, men med Maria Horvei som 2. vara i staden for Knut Hjørnevik.

Ved starten hadde laget 32 medlemer. No i jubileumsåret har laget 102 medlemer. Mange av desse bur spreidd i kring i landet.

Laget vart meldt inn i Hordaland Sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal/ og privatarkiv.

Etter kvart fekk sogelaget sin”base”i heradshuset på Evanger. Eitt av dei første oppgåvene laget tok på seg, var å få heradstyresalen tilbake til sin gamle utsjånad. Dette vart gjort i samarbeid med kommunen. Arbeidet tok si tid, så mykje anna vart gjort dei første åra. Men i 1998 kunne dåverande ordførar Ragnhild Skjerveggen opna heradstyresalen i si nye utgåve som museum.

Laget fekk sin eigen logo i 1994, teikna av Johannes Mjeldheim. Det kan vera på sin plass å trekkja fram symbolikken i logoen, eller lagsmerket, som Atle valde å kalla den. Dei loddrette stolpane er røter, og dei tre blada øvst i merket er eit symbol for dei tre grendene i sogelaget. Valknuten er hovudmotivet i merket, eit gamalt norrønt motiv der det korkje er start eller ende. Knuten var og brukt som vern mot vonde makter. Elva som knyter grendene saman kjem klårt fram i bylgje-borden. Lagsmerket er attgjeven i Vassvøregensaren, som Målfrid Tyssen Larsen har laga mønster til.

Av arbeidsoppgåver det tidleg vart vist interesse for, kan nemnast stadnamn og stølsregistreringar.

Av andre oppgåver som laget tok på seg i den første 5-årsbolken kan nemnast:

Då frigjeringsjubileet vart feira i 1995, valde Vassvøri sogelag å setja fokus på kvardagen under krigen. Utstillinga”Vassvøri– frå krigsår til fredstid”, som vart synt både på Evanger og Bolstad, fekk mange lovord, også frå fagfolk. Utstillinga vart laga i nært samarbeid med skulane, Kvinne- og familielag og ungdomslag.

Tiltak med innsamling og vern av gamle bilete kom i gang i 1996. Med økonomisk hjelp frå kommunen og andre fekk laget høve til å kjøpa utstyr for avfotografering og digitalisering. Dette er eit møysommeleg arbeid. Me har i dag eit stort og godt fotoarkiv, ikkje minst takka vere Olav Edal, som har jobba jamt og trutt med dette sidan starten. Ein stor del av denne samlinga er Knut K. Mestad fotosamling.

Våren 1996 var laget med på å laga ein film om Iva Aasen sine ferder i bygdene her. Det var NRK Volda som gjorde opptaket. Medlemer i laget var med både som aktørar og medhjelparar.

”Minneoppgåva for eldre” i 1996 – livsminne frå Hordaland, fekk heile 14 bidragsytarar frå laget her. To av dei nådde opp til premiar mellom dei 107 bidraga frå heile fylket.

I Kulturminneåret 1997 fekk Sogelaget midlar frå Riksantikvaren og Hordaland Fylkeskommune til å restaurere postbryggjene på Bolstad, Vassenden og Evanger. Med stor dugnadsinnsats kunne laget, i samband med bygdelivsfestivalen”Vossi Vest”, pinsehelga 1998, syna fram dei restaurerte bryggjene med informasjonstavler. I munnlege orienteringar vart det sett ljos på dei arbeidsplassane som var knytt til skyssing og anna som stod i samband med ferdsla på vatnet, i elva og på fjorden.

Postverket hadde 350-årsjubileum i 1997. Heller ikkje dette gjekk umerka forbi sogelaget! Medlemar vart med på ein postskyss-stafett etter dei gamle postvegane til lands og til vanns.

I samband med dette kan nemnast at på Kulturminnedagen i 2001 var laget, saman med kommunestyrerepresentantar og andre, med på å avduka ei minnetavle på Tysso. Tyssen var postgard i Bergen-Christiania Postvei.

Eit anna tiltak i 1998 var eit utflyttarsemne på Bolstad, der vel 100 utflytte Bolstadfolk var med på ein sers vellukka dag.

Kulturminnestafetten i-97vart starten på ei stor utfordring for medlemene i sogelaget. Saman med frivillige lag og organisasjonar frå eigen kommune, og frå Vaksdal, Modalen og Osterøy, vart Vossahandelen, den gamle tradisjonen med å fløyta tømmer frå Vossabygdene til Nordhordland og Bergensområdet valt som tema.

Flåten som vart rodd og segla til Salhus, vart slept attende til Bolstad og Tangen, der det i 1998 vart bygd eit grindbyggnaust som flåtemuseum. Ein person som må nemnast i samband med flåten og flåtemuseet, er Knut Øvstedal. Med sine unike kunnskapar om gamle byggetradisjonar var han ein uunnværeleg person i dette arbeidet.

Aktivitetane knytt til Vossahandelen var i ferd med å gå i gløymeboka. No er denne tradisjonen dokumentert og synleggjort for ålmenta. Prosjektet utløyste eit stort engasjement både frå eigne medlemar og frå alle dei andre frivillige medarbeidarane. Kontaktar som vart knytt, vonar ein vil vara over tid.

 I dei første 5 åra var desse med som styre- eller varamedlemer:

Inge Århus, Knut Hjørnevik, Maria Horvei, Erling Brekkhus, Olav K. Mestad, Inger Rongen, Ingebjørg Helland, Øivind Teigen, Ivar Veka, Ole Christian Agerlie og Atle O. Bolstad, den siste som leiar heile bolken. Det kan og nemnast at i 1998 var medlemstalet kome opp i 80.

Laget gjekk på dei neste 5 åra med friskt mot. Arbeidet med flåtemuseet heldt fram, og eit prosjekt kalla”Områdetiltakknytt til vassvegane” starta i-99,og vart avslutta i 2003.

Laget markerte tusenårsskiftet med eit dagbokprosjekt. Dette for å gi etterslekta eit bilete av siste året i 1900-talet, og av første dagen i det nye tusenåret. Folk frå ymse aldersgrupper og ymse deler av bygda skreiv det som vart arkivert og skal opnast att om 100 år!

Tiltak knytt til Kulturbyen Bergen under Naust 2000-prosjektet vart også laget si oppgåve i høve 2000-årsfeiringa. Flåtenaustet på Tangen, grindbygg, aktivitetar i vassdraga og omvising i Øyragata var noko av innhaldet i dette programmet, saman med offisiell opning av Flåtemuseet.

Dei årlege kulturminnedagane har hatt ymse innhald og tiltak i laget. For året 2002 kan nemnast opning av den gamle reislevegen Bolstad-Øvstedal, som vart rydda.

Tingstovekvelven på Bolstad vart restaurert, og kan brukast til mindre møter og samver. Her kan nemnast at ein gjeng godt vaksne medlemer, dei fleste delaktige i restaureringa, møttest til sosialt samver om lag ein gong i veka i lang tid etter at restaureringsarbeidet var fullført.

Dette kan kanskje vera ein ide for andre og?

Sogekriftet ”Fråfjell til fjord” må nemnast. Denne boka har kome ut før jol kvart år sidan 1995. Her er samla mykje historie, bilete og forteljingar, og boknemnda har gjort ein stor jobb med boka. Det er utgitt i alt 1860 boksider. Me veit at medlemane, og mange andre, ser fram til den dagen sogeskriftet ligg i postkassa, eller at Ottar bankar på døra med boka i neven. Ja, eg er i alle fall overbevist om at det ikkje vert jol i Vassvøri utan sogeskriftet!

Vassvøringen må og nemnast. Den kjem ut 3-4 gonger kvart år.

Medlemer av laget var med å skriva 150-års jubileumsbok for Evanger kyrkje i 2001. Også på andre måtar var medlemer medverkande ved kyrkjejubileet.

Trappene i Storestigen, del av postvegen mellom mellom Horvei og Bjørgo, vart restaurert i 2002, rett nok i regi av Statens vegvesen, men i samarbeid med Vassvøri sogelag. Trappene og muren var då i ferd med å rasa ut. Mur og trapper vart tekne ned og mura opp att i si opprinnelege form slik det vart bygd i 1880. Tiltaket vart finansiert av kulturmidlar frå Statens vegvesen.

Laget kunne feira 10-årsjubileum i 2003. Ein milepel var nådd, og mykje var utført i desse åra.

I jubileumsåret var styret slik samansett: Leiar: Atle O. Bolstad. Nestleiar: Øivind Teigen. Skrivar Turid Bolstad, kasserar Jon Hjørnevik, Styremedlem: Per Eskeland. Varafolk: Jorunn Ringheim Hernes og Torstein Trå. Atle var og valt som nestleiar i Hordaland sogelag i ein periode, og i jubileumsåret var Ingebjørg Helland med i styret der.

Men nye utfordringar sto for døra. I 2004 tok Sogelaget på seg ansvar for tilsyn, vedlikehald og omvising i Knute Nelson-stova på Kvilekvål. Her var mykje arbeid som måtte gjerast for å berga stova frå forfall. Mange dugnadstimar vart utført i åra framover.

Eit anna prosjekt, som starta i 2001, var innsamling av stoff til ei bok om pylsing i Evanger. I årsmeldnga frå 2004 kan ein lesa at styret har hatt møte med”Pylsenemnda”.Denne nemnda var frå starten: Olav K. Mestad, Olav Edal, Åsgeir Brunborg, Olav S. Århus, Anders Mestad og Viking Mestad. Det var mellom anna gjort lydbandopptak fleire stader i bygda, til saman 10 timar med opptak. I same årsmelding finn ein at ei utstilling i Heradshuset no er ferdig. Her var utstilt ymse butikkutstyr, ein kjelke laga av Knut Øvstedal, biletdokumentasjon av neverlosting og bork mm. I andre etasje er det innreia eit kontor slik det var då Evanger herad heldt til her. Kvelven i kjellaren er teken i bruk som arkiv for Sogelaget.

Eit stort arangement var Kulturminnedagen 12.september 2004, med tema”Fråfiskehjell og stabbur til dekt bord.” Arrangementet vart avvikla på Bolstad i samarbeid med Rongen skule, Bolstadøyri K&Flag, Bolstadøyri Ungdomslag og Trivselsgrenda Bolstad. Brørvikskuto sto sentralt i tilskipinga med tanke på frakting av bondevarer til byen.

Elles kan nemndast Sogelaget si heimeside, som var oppe og gjekk i 2004.

I styret dette året var 2 nye: Ragna Lønøy Lien som kasserar og Grethe Finsrud Agerlie som skrivar. Turid Bolstad og Jon Hjørnevik gjekk ut av styret etter mange år med sogelagsarbeid. Øivind Teigen er no valt inn i styret i Hordaland Sogelag etter Ingebjørg Helland.

I 2005 vart Friluftslivets år markert 12.juni med opning av reislevegen Horvei-Geilane. Dette var eit samarbeid med Rongen skule og Geilen Vellag. Same året vart gamlevegen til Elje merka, eit samarbeid med Evanger skule og Jon Elje.

I 2006 starta eit nytt stort prosjekt, kanskje eitt av dei største laget har teke på seg. Det vart skipa til eit seminar om Bjørn Rongen og hans forfattarskap, i samarbeid med etterkomarane hans, Thana og Ole Bjørn Rongen. Dette var starten til det som seinare skulle verta ny-utgiving av Rongen-trilogien.

Dette året, den 18.juni, vart det og skipa til Knute-Nelsondag i stova på Kvilekval, den første i sitt slag.

Her møtte det 50 personar, som fekk både Knute Nelson-kling(bakaav Atle) og kaffi, og den nye faldaren om Knute. Same sommaren fekk ein vitjing frå Amerika av folk der som hadde tilknyting til Douglas County Historical Society. Dette laget held til i huset til Knute Nelson i Alexandra, Minnesota. Denne vitjinga gav laget gode samarbeidspartar i Amerika.

I 2007 var det 10-årsmarkering for Kulturminnestafetten. 8.juli vart det skipa til jubileumssamling på Bolstad, med vitjing av Flåtemuseet og tilstelning i Ungdomshuset, med kåseri, framvising av bilete og matøkt.

Laget hadde dette året fleire møter med Gyldendal Forlag i samband med ny-utgjeving av Bjørn Rongen sin trilogi om bygginga av Bergensbana,”Togetover Vidda”. Planen var å gi ut trilogien i samband med 100-årsmarkeringa av Bergensbanen i 2009.

I 2008 engasjerte laget seg i planar for utbygging av Geitåni. Men det som tok mest tid dette året var nok arbeidet med utgjeving av Rongen-trilogien Toget over Vidda. Det hadde meldt seg nok tingarar til ny-utgjeving, og boka vart lansert på Finse under Rallarhelga 14.-16.august 2009. Eit stort arbeid var i mål, ei bok på 730 sider. Ein ting som må nemnast her, er at for å få realisert prosjektet tok laget opp eit lån, som styremedlemane kausjonerte for. Dette må seiast å vera svært spesielt, og styret fann vel ut i ettertid at dette var første og siste gongen det vart gjort. Men boka vart seld i nok eksemplar til å innfri lånet.

Registrering av skulehus var eit anna tema, som laget starta i 2008. Og pylsenemnda var stadig i arbeid.

Til årsmøtet i 2009, på Evanger den 8.mars, melde Atle frå om at han ikkje lengre kunne ta på seg styreverv grunna alvorleg sjukdom. Dette kom nok som eit sjokk på mange, i alle fall dei som ikkje visste om sjukdomen hans. Den 4.juni same året kom den triste bodskapen at Atle ikkje var blant oss lengre. Ein bauta var gått bort. Dette var ein ny milepel. Atle hadde styrt laget med stø kurs sidan starten, og hadde lagt utruleg mykje arbeid ned i alle oppgåvene laget tok på seg. Dei siste åra hadde han så og seia heildags jobb med lagsarbeid. Sogelaget hadde mista ein stor ressurs, og det vart eit stort sakn, ikkje berre for sogelaget, men for heile bygda.

Laget konsentrerte seg no om å gjennomføre dei prosjekta som allereie var i gang. Rongen-trilogien låg ute for sal, og mykje arbeid venta framleis med dette prosjektet, kanskje mest for den dyktige kasseraren vår Ragna.

Elles kan nemnast at Grethe Finsrud Agerlie vart vald til ny leiar i 2009, og Leif Akerlie kom inn som skrivar. Begge sit framleis i same posisjonar, og gjer ein grundig og god jobb.

Vedlikehald av informasjonstavlene har vore, og er eit årleg prosjekt, som Arvid står for. Som dyktig handtverkar står tavlene fram som gode informasjonskjelder for mange.

Bergensbanen si 100-årsmarkering vart feira på Fleischer 27.11.2009, på dagen 100 år sidan opninga. Leiar Grethe representerte Vassvøri Sogelag.

Knute Nelson-dag vart gjennomført kvart år frå 2006 til 2009, deretter annakvart år. Til desse dagane har det vore ymse program og kåseri som omhandlar Knute Nelson. Litt ujamnt frammøte, men like kjekt kvar gong. Det må og nemnast at ein gjeng sogelangsmedlemer slår og steller rundt husa kvar sommar.

I 2010 vart det lagt ned eit stort arbeid i Storestigen att. Det gamle rekkverket frå 1926 var til nedfalls, og nytt smijernsrekkverk vart montert av medlemer i laget. I 2011 kom det opp informasjonstavle, som fortel historien til Storestigen og postvegen om Vindeggi.

I 2009 var sogelaget vertskap for årsmøte i Hordaland sogelag. Det var omvising i kraftstasjonen, i Eldhus sine lokalar, Flåtemuseet og Tingstovekvelven. Festmiddag i Eldhus.

Eit nytt prosjekt dukka opp i 2010: Korleis få fram att i dagen den gamle, fine steinbogebrua over Teigdalselva, mellom Fadnestreet og Forvo? Brua har lege nedlasta med stålbjelkar og betongdekke sidan kraftutbygginga starta i begynnelsen av 60-åra. Sogelaget kontakta Statens vegvesen, med oppmoding om å få gamlebrua fram att i dagen. Etter ein god del brevskriving fram og tilbake, mellom Statens vegvesen, Hordaland Fylkeskommune og sogelaget kom prosjektet i gang. I 2013 vart betongdekke og bjelkar fjerna. Det står att ein del arbeid med å tilretteleggja for gåande, dette vert utført no i vår. Sogelaget vil få informasjonstavle på plass i løpet av sommaren, og eit nytt prosjekt er i mål.

Pylsebokprosjektet gjekk sin gang. I 2009 vart det frå styret teke initiativ til ekstra skrivehjelp. Ei viss omstrukturering av arbeidet skjedde i 2011. Og endeleg: Etter svært mange års arbeid kunne boka lanserast den 21.oktober i Heradshuset! På utgjevingsdagen var det smaksprøvar av pylsa laga på gamlemåten. Boka fekk god omtale i Hordaland, og mange tingarar hadde teikna seg allereie. Redaktør Knut Hjørnevik og hans stab hadde gjort ein kjempejobb med å losa prosjektet i hamn. Det ligg mykje grundig og godt arbeid bak dette prosjektet, som mange har delteke i. Pylseboka, eller”Dagaor i pylso”, som er tittelen på boka, vart nok ei fin og kjærkomen jolegåve dette året.

Sogelaget deltok i restaurering av gamlekyrkjegarden på Bolstad, som vart utført i 2010.

I 2011 vart den gamle gangvegen Stegabrekkene, frå Stigen til Rørgo, rydda i samband med Kultirminnedagen 11.09. På nytt var det samarbeid med skulen på Bolstad, der ivrige elevar og foreldre deltok.

I 2012 fekk sogelaget overlevert ei stor boksamling av eldre bøker og blad etter buet til Nils Mugås. Styret har sortert bøkene, og Øivind Teigen har journalført registreringa.

 

I 2013 fekk ein spørsmål frå kommunen om laget kunne ta på seg å restaurere ei bru over elva i Bjørgadalen, på turvegen og gamlepostvegen mellom Bjørgo og Vindeggi. Den gamle brua var ubrukeleg og til nedfalls. Etter fleire turar innover denne sommaren, kom ny bru på plass 1.september, i eit forferdeleg ver. Tilskot frå kommunen rakk akkurat til materialar og helikoptertransport, medan alt arbeid vart gjort på dugnad. Med impregnerte materialar og bru høgare over elva håpar ein at her skal vera bru for turgåarar i lang tid.

Sogelaget har fleire årlege gjeremål. Her kan nemnast: Deltek på Evangerlaurdag og jolemarknad. Arrangerer sommarturar, som det etter kvart har vorte mange av. Kulturvandringar ymse stader i bygdene. Knute-Nelsondag, som frå og med 2009 vert arrangert annakvart år. Ymse kåseri i samband med årsmøter og medlemsmøter.

Då er mykje nemnt som har skjedd desse 20 åra, om ikkje alt.

I jubileumsåret har styret slik samansetjing:

Leiar: Grethe Finsrud Agerlie
Nestleiar: Arvid Herfindal
Skrivar: Ragna Lønøy Lien
Kasserar: Leif Akerlie
Styremedlem: Kåre Olav Aldal
Vara: Kjellaug Århus og Kåre Tufte
Valnemnd: Svein Mykkeltvedt, Guri Teigen og Karl Magne Bolstad
Revisorar: Ivar Hernes og Karl Magne Bolstad

Øivind Teigen har vore styremedlem i Hordaland Sogelag frå 2004 til og med 2008, dei 2 siste åra som kasserar.

Til slutt vil eg nemna dei som har hatt styreverv i laget:

Leiarar:

1993-2008: Atle O. Bolstad
Frå 2009 og til i dag: Grethe Finsrud Agerlie

Nestleiarar:

Frå 1993 til 2004: Øivind Teigen
2005-2006: Per Eskeland
Frå 2007 og framleis: Arvid Herfindal

Kasserarar:

1993-1999: Ivar Veka
2000-2003: Jon Hjørnevik
Frå 2004 og framleis: Ragna Lønøy Lien

Skrivar:

Ingebjørg Helland, Turid Bolstad, Grethe Finsrud Agerlie og no Leif Akerlie

Styremedlemer:

Ole Christian Agerlie, Per Eskeland, Jorunn Ringheim Hernes og Kåre Olav Aldal

Varamedlemer:

Knut Hjørnevik, Maria Horvei, Inger Rongen, Turid Bolstad, Per Eskeland, Gunn Brekkhus, Oddvar Brekkhus, Jorunn Ringheim Hernes, Torstein Traa, Arvid Herfindal, Kjellaug Århus, Inge Århus, Olav K. Mestad, Annlaug Helland, Jan Rasdal, Kåre Tufte og Kåre Olav Aldal

Det var dei første 20 åra i Vassvøri Sogelag sin bunad. Då står det att å sjå kva som skjer dei neste 20….

23. mars 2014.

Kåre Olav Aldal