Vedtekter

Lover for Vassvøri sogelag vedteke på skipingsmøte 5.september 1993,

revidert på årsmøte 21.mars 2022.

  • § 1. Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern. Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene her si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.
  • § 2. Verksemd. For å nå føremålet kan laget gjerne samarbeida med skule, lokale organisasjonar og kommunale og fylkeskommunale organ.
  • skipa til møte, kurs, omvisningar, registreringar, innsamling av muntleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, bilete og anna av historisk verd.
  • arbeida for at det kan verta utgjeve bygdebok, årbok, hefte eller medlemsblad.
  • arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i grendene.
  • § 3. Laget er knytt til Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.
  • § 4. Medlemer av laget er dei som betalar dei årlege medlemspengane.

Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet.

Utmelding av laget må vera skriftleg.

  • § 5. Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.

Årsmøtet vel:

  1. Leiar for 1 år. Leiar vert valt særskilt.
  2. 4 styremedlemer for 2 år. 2 står på val kvart år.
  3. 2 varamedlemer for 1 år.
  4. 2 revisorar eller 1 fagrevisor.
  5. 1 ny medlem skal veljast kvart år. Den som har site lengst i nemnda går ut. Det vert pålagt den som har lengst erfaring å samankalla nemnda og å styra valet på årsmøtet.

Innan styret vert vald: Nestleiar, skrivar og kasserar.

Styret vert samankalla av leiaren.

Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.

Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir.

Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.

  • § 6. Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet i revidert stand.
  • § 7. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent på Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til laget og ved oppslag på Brekkhus, Evanger og Bolstad.
  • § 8. Omframt årsmøte kan verta halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene krev det. Omframt årsmøte kan berre handsame den eller dei saker som er gjort kjende i utlysinga.
  • § 9. Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av desember.
  • § 10. Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøte har vedteke det med 2/3 fleirtal.

Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går over til Hordaland Sogelag.

 pdfVSL_-_Vedtekter_revidert_2022.pdf